Her viser vi ei oversikt over tilkallingsvikarane vi har i barnehagen
Tilkallingsvikarar er ein viktig ressurs i barnehagen. Dei blir nytta når det oppstår fråvær ved sjukdom, permisjonar eller andre uforutsette hendingar. Ved å bruke tilkallingsvikarar kan vi sikre stabil drift og oppretthalde forsvarleg bemanning gjennom dagen. Dette er viktig for at barna skal møte trygge vaksne, få nødvendig omsorg og kunne delta i eit godt pedagogisk tilbod.
Frå venste: Hanna, Abi, Kasper, Vilde og Erica. I tillegg har vi Marianne, Ingrid, Embla og Maria som det ikkje er bilete av enda.
Det er variabelt kor mykje vikarane kan arbeide og kor mykje arbeid som er tilgjengeleg for vikarane. Marianne er utdanna barnehagelærar, Ingrid og Vilde tar utdanning som barnehagelærar. I tillegg er Vilde saman med Erica barne og ungdomsarbeidarar. Alle desse er under utdanning og kan berre arbeide sporadisk. Hanna, Abi, Kasper og Embla er assistentar og alle kan jobbe dei fleste dagar. Hanna har også eit vikariat på ei lita ressursstilling på Høvdingsetet.
Publisert 20.04.2026 11.02