Datareglement

Datareglement for Giske ungdomsskule

Det skal vere trygt og sikkert å bruke skulen sitt datautstyr. Datautstyr ved skulen er underlagt administrasjon gjennom eKommune Sunnmøre, det er lagt inn filter og restriksjonar tilpassa aldersgruppa. Saman med foreldra ynskjer skulen å formidle gode haldningar til datatryggleik til beste for den enkelte og heile samfunnet.   

Formål og omfang 

Formålet med reglementet  er å avgrense roller, rettar og plikter for eleven og skulen og definere kva som er god bruk av IKT. Reglementet femner om IKT-utstyr brukt på skulen, eige utstyr brukt på skulen og dersom skulens utstyr brukt til undervisning i heimen. 

Elevane sine rettar   

  • Eleven har rett til opplæring i bruk av IKT i samsvar med gjeldande opplæringsplanar for grunnskulen. 
  • Eleven har rett på tilgang til velfungerande IKT-utstyr i undervisinga.   
  • Eleven har rett til å bli informert om innhaldet i IKT-reglementet ved skulen.   
  • Skulen treng samtykke frå eleven før dei kan utlevere opplysningar om enkeltelevar eller data som høyrer til enkeltelevar. 
  • Skulen er pålagt å ta vare på arkivverdig materiale. Anna materiale som elevar har produsert blir sletta når eleven går ut av grunnskulen. Eleven har rett til ein kopi av eige materiale. 

Elevane sine plikter   

  • Det er skulen som definerer når og korleis skulen sitt IKT utstyr skal brukast.   
  • IKT-utstyr er utlånt av skulen og skal takast godt vare på.   
  • I skuletida skal privat IKT-utstyr, som mobiltelefonar, nettbrett og datamaskiner berre brukast etter avtale med skulen.  
  • Det er ikkje lov å ta bilde eller video av medelever eller tilsette utan løyve frå lærar og vedkommande ein tek bilde/video av. Digital mobbing skal ikkje skje 
  • Publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKT-utstyr skal på ingen måte innehalda tekst, bilete, lyd eller video som er av støytande art, eller som heng ut enkeltpersonar eller -grupper.  Eleven pliktar å respektere opphavsretten også til digitalt materiale. 
  • Brukarnamn og passord er privat og skal ikkje delast med andre. 
  • Eleven pliktar å vise varsemd slik at ikkje uvedkommande får tilgang til IKT-utstyr eller nettverk gjennom vondsinna kode eller deling av passord 

 

Inngrep og sanksjonar  

  • Skulen sitt ordensreglement gjeld også for denne avtalen. Brot på IKT-reglementet blir handtert som brot på andre reglar ved skulen.  
  • Skulen har eit ansvar for å gripa inn overfor elevar som mobbar eller trakasserer andre elevar eller tilsette ved skulen.   
  • Dersom elevar valdar skade på kommunen sitt IKT-utstyr, kan føresette bli haldne erstatningsansvarlege på inntil kr. 5000. Sjå kommunale skulereglar og lov om skadeerstatning.   
  • I tillegg kan IKT-ansvarlege gripe inn på alle vis som er nødvendig for å halde datasystemet i forsvarleg drift.