Giske ungdomsskule viser MOT
MOT er ein svært viktig del av Giske ungdomsskule. Verdiane MOT står for, er noko skulen ønskjer å implementere endå meir inn i skulekvardagen. MOT til å leve, MOT til å bry seg og MOT til å seie nei skal synleggjerast i større grad.
Publisert 11.07.2022 13.17
Kvar torsdag er dei strålande MOT-coachane, Øyvind Blindheim og Kay Amund Vartdal, på skulen og held MOT-økter der desse tre verdiane alltid ligg som ein raud tråd.
I tillegg til å halde MOT-økter, bidreg Øyvind og Kay Amund også etter skuletid.