Trygt skulemiljø


Skulen sitt arbeid for å legge til rette for eit godt læringsmiljø 
 


Skulemiljø - Giske kommune

Kvar dag gjeld! Rettleiar for førebygging og oppfølging av skulefråvær (PDF, 2 MB)

Skulen jobbar systematisk med å skape eit godt miljø kor barna kan vekse og trivast, både i det faglege og sosiale fellesskapet. Oppvekst Giske kommune har utarbeida felles retningslinjer for korleis skulen skal arbeide med dette. Les planen her: Plan for trygt og godt skulemiljø. (PDF, 610 kB)
Mobbesaker bunner gjerne i komplekse forhold, og skulen må jobbe forebyggande for å motvirke. Dette gjerast blant anna med å kontinuerleg fokusere på eit godt miljø, at elevane får utvikle eigne sosiale ferdigheiter, dei tilsette si kjennskap til kva mobbing er og korleis forebygge, tydeleg klasseleiing og eit godt heim-skule samarbeid. Livet og Sånn vert også nytta som ressurs. Det er viktig for oss å lykkast med å skape eit trygt miljø for elevane. Saman kan vi hjelpe elevane til å vere inkluderande med kvarandre - også utanfor skuletida.  

Opplæringslova §12-2: “Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring”.  Ved Giske skule har vi eit stort fokus på at elevane skal trivast og oppleve det trygt å vere på skulen. Vi vil vere ein skule som gjer nødvendige endringar dersom ein situasjon krev det. Det er den enkelte si subjektive oppleving som er utgangspunktet for skulen si handtering av opplæringslova §12. Skulen har aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt.  
Ingen barn er vanskelege, dei har det vanskeleg - og vi som skule kan ved riktige tiltak vere med på å snu krevjande situasjonar. Uansett om vi er store eller små er vi uendeleg verdifulle, og vår stemme er viktig. Vi ønsker å ta på alvor dei ulike opplevingane og kjenslene som kan dukke opp i løpet av ein skuledag - vi vil gjere alt i vår makt for at den enkelte skal kjenne seg trygg og i varetatt.  


ARBEID MED SOSIAL KOMPETANSE  

Giske skule har hatt sosial kompetanse som eit satsingsområde i fleire år. For å utvikle den sosiale kompetansen i elevflokken har vi vore opptatt av at det er summen av mange tiltak som gir effekt, vi har derfor satsa bredt. Ved Giske skule er det daglege arbeidet som kontinuerleg foregår i klasserommet, på SFO og i uteareala det viktigaste, i tillegg til samarbeidet med heimen.  

Forsking viser at desse forholda er særs viktige når ein skal legge til rette for utvikling av sosial kompetanse hos elevar (Nordahl 2005):                                                 

  • Relasjonar mellom elevar og lærarar 
  • Relasjonar mellom elevar og elev 
  • Sosial og fagleg læring 
  • Sosial kompetanse lærast i naturlege situasjonar  
  • Læraren si evne til å lede grupper av elevar  
  • Samarbeid med føresette 

 

Skulen har gjennom fleire år arbeidd med alle desse forholda. Vi legg stor vekt på å bygge gode relasjonar mellom elevane og mellom elevar og lærarar. Kollegiet er opptekne av god klasseleiing og eit godt skule og heim samarbeid. I tillegg har vi reglar for orden og åtferd som vi vektlegg kvar dag.  Vi har ein kompetanseplan for kvart klassetrinn med konkrete læringsmål innafor dei seks områda: ansvar, samarbeid, empati, positiv sjølvhevding, sjølvkontroll, humor, leik og glede. Vi bruker denne i tiltak for heile skulen, klassen eller grupper og på individnivå.  

KLASSENS TIME

Kvar veke har klassa ein time med fokus på saker som er viktige for klassa å samtale om. Målet med timen er at elevane skal erfare at dei medverkar i viktige område som har med eleven sin kvardag å gjere. Relevante spørsmål i klassens time kan vere: Korleis har vi det med kvarandre i klassa, korleis ønsker vi at læraren skal møte oss, korleis kan elevane påverke faglege fokus og arbeidsmetoder. Timen brukast også til teambuilding kor elevane gjer aktiviteter saman. Livet og sånn (livetogsann.no) blir også nytta i denne økta.