Søknad om permisjon - Giske skule
Opplæringa er arbeidstida til elevane, og ho skal respekterast. Stort fråvær er uheldig for borna si opplæring. Høgt skulefråvær er ein høg risikofaktor for det vidare skuleløpet for barn og unge. Prosedyrer knytt til bekymring rundt stort fråvær finn du i kommuna sin plan - Kvar dag gjeld. Du kan lese planen her (PDF, 2 MB)
Likevel hender det at ein ønskjer å reise eller ha fri i skuletida.
Kontaktlærar kan etter søknad gi permisjon inn til tre dagar. Søknadar sendast i Transponder meldingsbok og skal vere grunngjevne. Ved fråver på meir enn tre dagar er det rektor som handterer permisjonssøknaden og fattar eit enkeltvedtak. Bruk skjemaet nedanfor.
Ein elev kan søkje om permisjon i inntil 10 dagar, til saman, i løpet av eit skuleår. Søknadsskjemaet vert sendt minst 4 veker i førevegen til rektor som fattar eit enkeltvedtak på fråværet. Rektor tar i dette vedtaket stilling til om det er forsvarleg at eleven er borte frå skulen i denne perioden. Dersom fråværet til eleven er stort, og det ikkje blir vurdert som fagleg forsvarleg, kan ein få avslag på søknaden. Søknadane skal vere grunngjevne, og gjelde for ein elev. Søsken må ha kvart sitt skjema.
Les nøye igjennom kommuna sine retningslinje før de sender inn permisjonssøknad.
Permisjon frå skulen - Retningslinjer
Når elevar er borte frå skulen utan at foreldra på førehand har avtalt permisjon reknast dette som ugyldig fråvere.
Når foreldre har felles foreldreansvar, men ikkje bur saman, kan den av foreldra som barnet bur fast hos søkje om permisjon. En slik søknad krev ikkje enighet mellom foreldre. Dersom barnet har delt bustad, må avgjersla om å søkje permisjon takast i fellesskap.