Frivillig ordning med leksehjelp for elevar i 5. - 7. klasse
Giske skule tilbyr leksehjelp på 5. – 7. trinn. Leksehjelp er ikkje ein del av grunnskuleopplæringa, men skal støtte opp om arbeidet som skjer i skulen. Leksehjelpa skal vere frivillig, og gratis for alle elevar som ynskjer å nytte ordninga.
Ressursar skulen har til leksehjelp er ein fagarbeidar / assistent som har som har ansvar for ei gruppe med inntil 20 - 25 elevar. Dette betyr i praksis at vi ikkje kan love kontroll av om leksene er gjort ferdig, eller kvaliteten på arbeidet.
Det er viktig å presisere at det framleis er foreldra som har hovudansvaret for at barna har gjort leksene sine, og får nødvendig oppfølging med skulearbeidet.
Dette kan elevane gjere på leksehjelp:
- lekser som dei klarer på eiga hand
- skuleretta aktivitetar som lesing, skriving, rekning og teikning.
For å kunne planlegge tilbodet er skulen avhengig av forpliktande påmelding. Vi ber difor om at de som foreldre/ føresette svarer på melding med skjema som blir sendt ut på Transponder Meldingsbok, innan fristen.