Transponder meldingsbok

Skulen nyttar Transponder meldingsbok (app) til kommunikasjon med foreldre og føresette. 

Transponder skal nyttast til all skriftleg samhandling med skulen. Giske kommune vektlegg at kommunikasjon via sosiale medier og privat telefon ikkje er tilstrekkeleg med tanke på personvern og datasikkerhet. Transponder meldingsbok er ei sikker plattform for kommunikasjon skule - heim.  

Lærarar har ei utvida arbeidstid kvar dag og denne skal nyttast til både samarbeid og møter på skulen, for og etterarbeid av undervisning, oppfølging av elevar og samhandling med heimen. Lærarar sjekkar Transponder mellom 08.00-15.30 som er hovudarbeidstida. Ønsker du at lærar ringer deg, skriv du ei transpondermelding og lærar tek kontakt i løpet av dagen.  

Informasjon om korleis ta i bruk appen kan de finne her: 
Meldingsbok kurs foresatte — Transponder