Friminutt og leikepatrulje

Giske skule - ein god stad å vekse



FRIMINUTT

Skulen har 3 friminutt kvar dag. 09.15-09.30, 11.00-11.30 og 12.15-12.30. Skulen har faste oppsette vakter ute. Skulen er opptatt av at friminutta skal vere gode for alle elevar og jobbar derfor også med å tilrettelegge for elevar dersom det er behov for det. Giske kommune – oppvekst har utarbeida rutinar for korleis skulen skal legge til rette for trygge friminutt. Dette er fast innslag i dei tilsette si møtetid. Elevrådet har utarbeida reglar for toalettet og for bruk av fotballbana. Skulen har også utarbeida forventningar til åtferd ute. Dette blir jamt tatt opp i klassene, på fellessamlingar og i klassens time.  

LEIKEPATRULJE

Denne gruppa består av elever frå 4-7. klasse som legg til rette for økt aktivitet i friminuttet. Leikepatruljen blir leia av ein lærar og gruppa har møter kor dei avklarar leikar, sett opp program og planlegg perioden. Målet er å gi auka trivsel, meir variert aktivitet i friminuttet, bygge vennskap, forebygge konfliktar og mobbing, skape inkluderande, hyggelege og respektfulle elevar.