Skuleåret 2020

Januar

Vi er opptatt av at alle barn har rett til å ha det trygt og godt på skulen og på barnehagen. 

I januar skal vi sette fokus på korleis vi saman kan skape eit godt og trygt miljø for barna på Giske. Vi har invitert Kristin Øksenvåg til eit felles foreldremøte for barnehagen og skulen. Ho jobbar til dagleg som mobbeombud i Møre og Romsdal. Vi ønsker ein tett dialog med foreldre, og ønsker alle foreldre varmt velkommen til å ta kontakt. Kom gjerne innom, eller send ein mail så avtalar vi møtetid.