Søknad om plass i barnehage 2021/2022

 Søknadsfristen er 01.03.2021


 

  

Giske kommune har samordna opptak for alle barnehagane i kommunen, to kommunale og seks private barnehagar. Det kan no søkjast om plass til hovudopptaket for barnehageåret 2021/2022. Du kan logge inn for å søkje om plass i oppvekstportalen. Dersom det er inne søknad frå tidlegare, kan den av foreldra som har søkt om plassen logg inn, for å oppdatere søknaden innan søknadsfristen.

Vi tek sikte på å begynne å sende svar medio mars 2021. Dato for start og anna informasjon finn du i vedtektene til den enkelte barnehage. Ved spørsmål eller for hjelp til utfylling av skjema, ring servicekontoret i kommunen, tlf. 70 18 80 00.

Søknad om endra opphaldstid i barnehage

Nokre av barnehagane har tilbod om deltidsplassar. Dersom det skal søkjast om endra opphaldstid, skal det ikkje leverast ny søknad. Logg inn i oppvekstportalen, gå til «mi side» oppe til venstre under kommunevåpenet, og vidare til «plasseringane mine». Der finn den av foreldra som har levert søknaden ein link for endring av opphaldstid.

Eventuell oppseiing av plass

Dersom plass i barnehage skal seiast opp må den som har søkt om plassen/er registrert som betalar logge inn i oppvekstportalen, gå til «mi side» oppe til venstre under kommunevåpenet, og vidare til «plasseringane mine». Der finn den som har levert søknaden ein link for oppseiing.

Redusert foreldrebetaling

Hushald med låg inntekt kan søke om redusert foreldrebetaling og/eller gratis 20 timar per veke i barnehagen. Søknadsfrist er 31.07. For søknadar mottekne etter denne fristen blir det gjort vedtak gjeldande frå månaden etter søknaden er motteken. Skatteoppgjer for 2020 blir lagt  til grunn for utmålinga av betalingssatsen. Dersom inntekta er vesentleg endra, kan anna dokumentasjon på noverande inntekt leggjast ved. Søknaden blir behandla når skatteoppgjeret er klart.