Redusert eller gratis SFO frå hausten 2020

Klikk for stort bilete Børge Sandnes Redusert foreldrebetaling i SFO for elevar i 1. og 2. klasse og gratis tilbod for elevar med særskilde behov i 5. - 7. klasse.

Frå 1. august innfører regjeringa ei ny ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for elevar i 1. og 2. klasse. Det skal betalast maksimalt seks prosent av brutto løns- og kapitalinntekt. Foreldrebetalinga skal reknast ut fra inntekta til den/dei føresette som har samme folkeregisteradresse som barnet. I hushaldet si inntekt skal også inntekta til registrerte partnarar og sambuarar reknast med. Når sambuarar ikkje er mor eller far til barnet skal inntekta til sambuar reknast med når sambuarforholdet har vart i 12 av dei siste 18 månadane. Dersom inntekta er vesentleg endra, kan anna dokumentasjon på noverande inntekt leggjast ved. Søknadsfrist er 31.07. For søknadar mottekne etter denne fristen blir det gjort vedtak gjeldande frå månaden etter søknad med alle relevante vedlegg er motteken. Inntekta skal dokumenterast med skatteoppgjer for 2019.

Søknadsskjema for redusert foreldrebetaling finn du her, word (DOCX, 24 kB) eller PDF (PDF, 494 kB).

Elevar i 5. – 7. klasse med behov for særskilt tilrettelegging har rett på gratis SFO.