Kulturdagane i Giske - invitasjon til deltaking

Arrangementskomiteen inviterer kulturlivet med eldsjeler, lag og organisasjonar og andre til å vere med og sette kulturlivet i Giske i fokus. I veke 39 og 40 ønskjer vi å vise fram alt det spennande som skjer. Slik kan vi rekruttere fleire aktive inn i lags- og organisasjonslivet og vi kan bidra til at dei mange nye innbyggarane finn tilhøyre til dei vakre øyane våre. Søndag 30. september blir det stort felles arrangement i Øygardshallen på Giske.

Kulturlivet kan no melde seg på innan fristen søndag 28. mai.

Som kanskje mange har registrert, så var det i januar eit møte med representantar frå kulturlivet og frå kommunen. I det møtet vart konklusjonen at vi går saman og arrangerer «Kulturdagane i Giske» i september 2018. Vi håper at flest muleg vil bli med på dette!


Kva er Kulturdagane i Giske?

  • Eit stort felles arrangement i Øygardshallen søndag 30. september. Her blir det anledning for lag og organisasjonar å presentere seg inne eller ute, på stand eller på scena, og publikum får anledning til å få oversikt over mangfaldet.
  • I tillegg er det ønske om aktivitetar og ope hus i veke 39 og 40 - f.eks. ved at lag og organisasjonar opnar opp dørene for å invitere folk til å sjå og høyre kva de gjer.


Korleis melder vi oss på?

Det gjer du ved å sende e-post til kultur-Frode. Fristen for å melde på er måndag 28. mai. Då melder du inn følgande:

  1. Korleis de ønsker å delta 30.september – ønsker de ein stand, eller eit aktivitetsområde inne eller ute? Er det aktuelt med sceneinnslag?
  2. Arealbehov: stand på 2 eller 4 meter? Kor stort areal til aktivitet? Treng de straum?
  3. Ein kort tekst om laget / organisasjonen og aktivitetane, info om når og kvar det skjer, bilde, kontaktinfo og evt nettstad. Dette blir sett inn i eit programblad som blir distribuert til alle husstandar i kommunen.
  4. Kva de vil gjere i veka før eller etter, f.eks. ope hus med aktivitet / open øving? Dette blir annonsert med programmet, og gir god moglegheit for rekruttering!

Arrangementskomiteen har eit ønske om at alle prøver å få med seg ungdommane, og at alle vil vere med å reklamere for Kulturdagane i Giske på sine kanalar.

Det vil bli oppretta ei facebookside der påmelde lag og organisasjonar blir annonsert.

Dersom du trur dette har interesse for andre, ver så vennleg og del.

Ta gjerne kontakt med ein av oss i arrangementskomiteen dersom de lurer på noko!

Vi håper alle lag og organisasjonar vil vere med å skape mange aktivitetar og ein god folkefest på Øygardshallen søndag 30.september!

 

Helsing arrangementskomiteen

Steinar Lillebø, Giske IL

Jan Skodje, Godøy IL

Siv Merethe Hatlen, Vigra Valderøy UngdomsMusikk

Eli Anne Vanebo, Mental helse Giske

Jenny Farstad Blindheimsvik og Lars Magnus Longva, ungdommar

Oline Røsvik Skjong, Giske reiselivsforum

Ernst Valderhaug, Giske frivilligsentral

Torill Valderhaug, folkehelsekoordinator

Frode E. Synnes, kultur