HOVUDOPPTAK BARNEHAGEÅRET 2020/2021

Klikk for stort bilete Søknadsfristen er 01.03.20.

Søknad om plass i barnehage 2020/2021

Giske kommune har samordna opptak for alle barnehagane i kommunen, to kommunale og seks private barnehagar. Det kan no søkjast om plass til hovudopptaket for barnehageåret 2020/2021.Du kan logge inn for å søkje om plass i oppvekstportalen Dersom det er inne søknad frå tidlegare, kan den av foreldra som har søkt om plassen logg inn, for å oppdatere søknaden innan søknadsfristen.

Vi tek sikte på å begynne å sende svar medio mars 2020. Dato for oppstart og anna informasjon finn du i vedtektene til den enkelte barnehage. Ved spørsmål eller for hjelp til utfylling av skjema, ring servicekontoret i kommunen, tlf. 70 18 80 00.

Søknad om endra opphaldstid i barnehage

Dersom det skal søkjast om endra opphaldstid, skal det ikkje leverast ny søknad. Logg inn i oppvekstportalen, gå til «mi side»oppe til venstre under kommunevåpenet, og vidare til «plasseringane mine». Der finn den av foreldra som har levert søknaden ein link for endring av opphaldstid.

Eventuell oppseiing av plass

Dersom plass i barnehage skal seiast opp må den som har søkt om plassen/er registrert som betalar logge inn i oppvekstportalen, gå til «mi side»oppe til venstre under kommunevåpenet, og vidare til «plasseringane mine». Der finn den som har levert søknaden ein link for oppseiing.