Alle skuler i Giske kommune stenger

Klikk for stort bilete Alle skuler i Giske kommune vil frå fredag 13. mars vere stengt. Frå mandag 16. mars vil ein  gå over til fjernundervisning. I praksis betyr dette at ingen av elevane skal møte på skulen, men undervisninga held fram på den digitale plattforma.

SFO og kulturskulen er stengt frå samme tidspunkt.

Biblioteket vert stengt frå og med idag torsdag 12.03.

Dette gjer Giske kommune for best mogleg å ta eit føre-vare ansvar for å hindre spreiinga av Korona-viruset som truger. I samband med med stenginga av skulane veit vi at det vil føre til vanskar for mange foreldre. I tilfelle foreldre kjem til at det vert behov for at nokon må halde seg heime frå arbeid, ber vi om at ein her tok omsyn til at arbeidstakarar som arbeider innen helse, pleie og omsorg i størst mogleg grad går på jobb.

Stenginga av skulane gjeld førebels til over påske.

 

Giske kommune i samarbeid med leiarane i skulane kjem likevel til å organisere eit tilbod for barn på 1. - 4. trinn  av helsepersonell og andre med samfunnkritiske funksjoner. Dette er behov føresette må melde til rektor saman med ei stadfesting frå arbeidsgivar med namn, arbeidsstad og ei stadfesting på at stillinga er vurdert som ein samfunnskritisk funksjon.

I tillegg kjem vi til å organisere eit tilbod til barn som har særlege omsorgsbehov. Dette er også behov som føresette må melde til rektor.

Vi oppmodar om at føresette prøver å finne ei anna løysing først, som t.eks. ha ulike arbeidstider, for å forkorte opphaldstid og begrense storleik på barnegruppene i skulen så mykje som mogleg for å redusere smittefare.