Jørgen Rognes

Byggesaksbehandlar

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål

Korleis avtale møte med saksbehandler?

Dersom du har funne den saksbehandleren du vil å snakke med, trykk på "Reserver" for å sjå i kalenderen til saksbehandleren om kva tid dei har ledig tid. Velg det ledige tidspunktet som passer deg best.

Velg om du vil ha telefonmøte, nettmøte eller møte opp fysisk på kontoret.

Fyll ut registreringsskjemaet så detaljert som du kan, slik at saksbehandleren kan være forberedt til møtet.
Forespørselen blir sendt direkte til saksbehandler. Du vil få ein bekreftelse på om ønska tidspunkt er godtatt eller ikkje på mail fra saksbehandler i etterkant. 

Trenger du lenger møte enn oppsatt tid?
I høgre felt som heiter "Reservasjonen min" vil du sjå eit valg som heiter "Endre tidspunkt" Her kan du både utvide og korte ned den fastsatte møtetida.
 

Korleis fungerer eit nettmøte?

Du kan velge nettmøte i registreringsskjemaet. Du treng ikkje ha lisens for Teams eller andre tenester for å delta i nettmøte.  Møte vil fungere slik:

  1. Du bestiller nettmøte i registreringsskjemaet og oppgir ei epostadresse du er tilgjengelig på.
     
  2. Saksbehandler sender deg ei lenke på epost før møtet som gir deg tilgang til eit Teamsmøte. (Sjå bilde)
     



     
  3. For å delta i teamsmøte treng du ein PC eller nettbrett/mobil med fungerende lyd og mikrofon. 
    Test at lyd og bilde fungerer før møtet starter.
     
  4. Klikk på den tilsendte lenka når møtet skal begynne og velg "åpne i nettleser" dersom du ikkje har teams installert. Saksbehandler slepp deg inn i møtet når dei er klare. 
     
  5. Saksbehandler nytter kamera under samtalen. Dersom du har kamera er det heilt frivillig men hyggelig om du også vil nytte det under samtalen.
Kan eg bestille møte via telefon?

Ja, i registreringsskjema kan du velge om du ønsker å avtale møte via telefon, nettmøte via teams eller ved å møte opp personlig.

Dersom du ønsker telefonmøte vil saksbehandler ringe deg opp på gitt tidspunkt. Husk å oppgi ditt telefonnummer i registreringsskjemaet.

Vi anbefaler å bestille telefonmøte i staden for å ringe saksbehandler uanmeldt.
Bestiller du telefonmøte så er saksbehandler forberedt på saka di og kan gje deg bedre og meir konkret hjelp når du ringer. 

Kan eg velge å bestille eit lengre eller kortare møte enn det skjemaet viser?

Ja det er mulig. Dersom feks saksbehandler har satt opp 1 time som standardmøtetid så kan du velge kortere eller lengre tid.
Skal du velge lengre tid så forutsetter det at saksbehandler har ledig tid i heile den tida du ønsker møte. 

Slik utvider eller minker du møtetida:

1. I dette eksemplet har saksbehandler 30 min som standard møtetid.  
2. Velg eit ledig tidspunkt som du ser har nok ledig tid etter det valgte tidspunktet til den møtetida du ønsker
3. Velg "Endre tidspunkt" og velg sjølv kva tidspunkt du ønsker møte
4. Når saksbehandler godkjenner møtet vil du få bekreftelse på epost.

     

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ofte stilte spørsmål i mitt fagområde

Alternative måtar for å utarbeide og dele ut nabovarsel

Det er alternative måtar å utarbeide og dele ut eit nabovarsel på. Først må du velje rett nabovarselsskjema for ditt tiltak. 

Du finn relevante skjema her: Søknadsskjemaer for byggesak - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)

 

Vel skjema for nabovarselet 

Enkelt nabovarsel 

Kan brukast kun når det vert søkt om: 

  • Tilbygg med bebygd areal (BYA) mindre enn 50 m² 

  • Frittliggande bygningar med BYA mindre enn 70 m² 

  • Landbruksbygg (fjøs, hønsehus) med BYA inntil 1 000 m² 

  • Oppføring av mellombels bygning som skal stå i eit tidsrom frå 2 mnd. til 2 år 

Ordinært nabovarsel 

Skal brukast i alle saker der ein ikkje kan nytte «enkelt nabovarsel» som vist over 

 

 

Utarbeid nabovarselet 

Fyll ut skjemaet for nabovarsel (enkelt eller ordinært), sett på dato og signér.  

Kvar nabo skal ha ein kopi av signert skjema samt kopi av følgande vedlegg: 

  • Situasjonsplan 

  • Fasadeteikningar 

  • Snitt – teikning  

  • Terrengprofil 

Naboane treng ikkje få framlagt planteikningar, då planteikningar er vurdert som ikkje relevante for nabo. 

 

Del ut nabovarselet 
Nabolista definerer kva naboar og gjenbuar som skal varslast. Viss det er det fleire eigarar/festarar (leigetakarar) av ein eigedom, må alle få eige varsel. Naboliste finn du på Giske e-torg.  

 

Du må dokumentere at nabovarsel har blitt delt ut til kvar nabo i nabolista. Dette gjer du ved å bruke kvitteringslista under.  

 

Du kan nå levere ut nabovarsel på ein av følgande måtar: 

eNabovarsel 

inne på etorget

 

Personleg overlevering 
Fyll ut kvitteringslista før du går til naboane. Lever nabovarselet og be om signatur for mottatt nabovarsel. Viss nabo ikkje har innvendingar på byggeplanane dine, kan nabo samtidig signere på at han/ho samtykker til byggeplanane dine.  

Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel. 

Alle samtykker kan søknad leverast inn  
 
Kvitteringslista med signaturar frå alle naboane skal leggast ved den formelle byggesøknaden 

 

E-post 
Send nabovarselsskjema og alle vedlegg i ein e-post til nabo. Skriv i e-posten at du ønsker tilbakemelding på at e-posten er mottatt. Tilbakemelding på at e-posten er mottatt vil fungere som kvittering på at nabovarsel er sendt. Automatisk e-post bekreftelse er ikkje gyldig kvittering. Du kan også be nabo om samtykke til byggeplanane. 

Nabo har frist på 14 dagar for å kome med merknad, men fristen startar ikkje før e-post er bekrefta mottatt av nabo.  

Kvitteringslista med kopi av tilbakemelding om mottatt e-post (og evt. samtykke) skal vedleggast den formelle byggesøknaden. 

 

Rekommandert post 
Nabovarsel kan sendast rekommandert i post. Fyll ut kvitteringslista før du går til Posten. Når du er hos Posten, be om kvittering (klistremerke) for kvar nabo som mottar nabovarselet som rekommandert post. Husk også å be Posten om datostempel nederst på kvitteringslista. Kvitteringslista med klistremerke og datostempel frå Posten skal vedleggast den formelle byggesøknaden. 

Nabo har 14 dagars frist på 14 dagar for å kome med merknad, fristen løper frå den dato naboen signerer og daterer på kvitteringslista for mottatt varsel.