Grunnskuleopplæring

Giske kommune har 6 grunnskular med til saman om lag 1070 elevar. Alle øyane har skular med barnesteg. Ungdomsskulane finn vi på Godøya og Valderøya.

Skulane i Giske har som mål å gje undervisning av høg kvalitet.

Dei faglege driftsresultata for skulane i kommunen er gode, både når det gjeld resultat av nasjonale prøver, elevinspektørane og tilbakemeldingane frå dei føresette. Skulane blir kvart år vurderte gjennom skulevurdering av rådmannen eller interkommunalt av Nordre Sunnmøre Kompetanseregion (NSKR). Du kan lese meir om resultat i skulane i Giske på Skoleporten.

Kommunen har satsa sterkt på bruk av IKT i skulen.

Alle skular og barnehagar - private og kommunale - er no deltakarar i prosjektet "Ein alen til sin vekst", som skal sikre gode overgangar frå barnehage til skule og frå skule til skule.

  • Godøy skule er ein 1-10 skule. 1.-4. klasse går på Alnes skule, som er ei avdeling av Godøy skule. Godøy skule har arbeidd med ikt i mange år, og fekk Rosing-prisen for dette i 2000.
  • Giske skule er ein fådelt 1-7 skule. Elevar frå Giske går 8.-10. klasse ved Godøy skule.
  • Skjong skule er ein 1-4 skule. Elevar på Valderøya vest for Valderøy barneskule går her.
  • Valderøy barneskule er ein 1-7 skule, og er den største skulen i kommunen.
  • Valderøy ungdomsskule er ein rein ungdomsskule for elevar frå Valderøya og Vigra.
  • Vigra skule er ein 1-7 skule for alle elevar som er busette på Vigra. Skulen har vore demonstrasjonsskule med bakgrunn i arbeidet med lese- og skriveopplæringa.
Publisert av Arnfinn Vartdal. Sist endra 13.12.2013
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Lag PDF
kontaktperson
Telefon :
70 18 80 12
E-post :
sir@giske.kommune.no
Tittel :
Kommunalsjef
Bunnhjørne
Kart (1)
Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøya Tlf. 70 18 80 00 - Fax: 70 18 80 01 - post@giske.kommune.no
padlock