Skip Navigation LinksGiske kommune > Om Giske > Turistinformasjon
Fotograf: Fjellanger-Widerøe
Godøya fotograf Fjellanger-Widerøe
Fotograf: Fjellanger-Widerøe
Giske fotograf Fjellanger-Widerøe
Fotograf: Fjellanger-Widerøe
Valderøya fotograf Fjellanger-Widerøe
Fotograf: Fjellanger-Widerøe
Vigra fotograf Fjellanger-Widerøe

Øyriket Giske

Giske kommune ligg i Møre og Romsdal fylke like nordvest for Ålesund.

Det er fire øyar med busetnad, 8 mindre øyar og ein del holmar og skjer. Samla tal på busette er 7.029 (jan. 2010). Giske er knytt saman med tunnelsamband og bruer, med veg til fastlandet og Ålesund gjenom eit av verdas lengste undersjøiske tunnelsamband.

Giske

Giske er minste øya i kommunen. Ho er 2,67 km2 stor og høgaste punktet er berre 23 m.o.h. Giske har 717 innbyggjarar (2010), og dei viktigaste næringsvegane er jordbruk, fiske og trevareindustri. Øya har gitt kommunen namn - mogleg tyding er "klut eller duk" etter utsjånaden - og var i norrøn tid hovudsete for både Arnungeætta som Kalv Arneson kom frå og den mektige Giskeætta. På sørvestre stranda ligg Giske kyrkje bygd i marmor ca 1180, opphavleg kapell for Giskegodset. Mjelthaugen er frå jernalderen, utgraven med rike funn. Makkevika er eit freda våtmarksområde og mål for mange ornitologar. Der er tunnel til Godøya og bru til Valderøya.


Godøya

Godøya ligg lengst mot vest og er 10,87 km2, svært berglendt og med Storehornet 497 m.o.h. som høgaste punktet. Godøya har 1028 innbyggjarar (2010) og tunnelsamband med Giske. Strandsona har god dyrka mark på søraustsida. På sørsida ligg Godøytun med eit lite museum, og gravhaugen Eilivrøysa med rike funn frå bronsealderen. På fjellet ligg fiskevatn, og mot nordaust ligg tettstaden Alnes på ei landtunge med verna lynghei og eit freda fyr ytst ute. Viktigaste næringsvegar på Godøya er fiske og fiskeforedling, og der banklineflåten i Geilevika er av dei største i landet. Sjå og meir her.


Valderøya

Valderøya er 6,5 km2 stor, berglendt og med kommunesenteret Valderhaug på søraustre sida. Øya har 3.391 innbyggjarar (2010) og tunnelsamband til Ålesund, dit mange pendlar. Mot vest ligg Skjonghelleren, ei stor fjellhole med spor etter busetnad frå yngre jernalder. I Valderhaugen er det funne restar etter den eldste båten i Norden. Dei viktigaste næringsvegane er fiske og fiskeforedling, mekanisk industri og tenesteyting.


Vigra

Vigra ligg lengst mot nord med brusamband til Valderøya over Gjøsundet. Vigra har 1870 innbyggjarar (2010). Ho er største øya i Giske med 20 km2, nokså flat med store myrstrekningar og nokre høgdedrag mot nord. Der ligg restar av store forsvarsanlegg som tyskarane laga under krigen. Mot nord ligg fine sandstrender med Blimssanden som har status som regional badestrand. Blimshaugen har rike funn frå jernaldergraver, og mange meiner at den mektige Ragnvald Mørejarl og sonen Gange-Rolv kom i frå Vigra. På austsida ligg tettstaden Roald som var sentrum i Vigra kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964. Der ligg også Ålesund lufthamn, Vigra, medan Vigra kringkastar ligg på det sørvestre neset. Hovudnæringsvegar er fiske og fiskeforedling, flyplassen gjev og mange arbeid, og øya har det største jordbruksarealet i kommunen.

  • Utskriftsvenleg versjon
  • Søk
Giske kommune,Valderhaug 4, 6050 Valderøya Tlf. 70 18 80 00 - Fax: 70 18 80 01 - post@giske.kommune.no
padlock