Publisert 27.08.2013

Her finn du plansaker og andre kunngjeringar som til dømes varsel om planarbeid, høyringar og planar som vert lagt ut til offentleg ettersyn. 

Publisert 22.04.2014

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla om oppstart av planarbeid for eit område på Sætra, nord for Grønnmyr barnehage. Tiltakshavar er Krogen bil. 

 

Frist for innspel er 22.05.2014.

 

Sjå vedlegg for meir informasjon om planarbeidet.

Publisert 04.04.2014
Detaljplan Budafjellet

 I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, nabo til planområdet, heimelshavar eller offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre  i møte 27.03.2014, sak K-015/14, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan Budafjellet. Føresegner har vorte justert i samsvar med vedtak K-015/14.

Publisert 04.04.2014
Detaljplan GS fv 136 Vigra skule - Kolvet

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12 - 12 ledd 4 vert grunneigarar innafor planområdet, naboar til planområdet, heimelshavar eller offentleg mynde gjort kjend med at Giske kommunestyre i møte 27.03.2014, sak K-016/14, i medhald av pbl § 12 - 12 har godkjent detaljplan GS fv136 Vigra skule - Kolvet.

 

Publisert 27.02.2014
KOMMUNEVÅPEN farger

Kommunestyret vedtok i sak nr 63/13 å innføre eigedomsskatt i Giske Kommune. I budsjettvedtak for 2013, sak 143/13, vart det vedteke å innføre eigedomsskatt på all fast eigedom frå 1. januar 2014.

For bustadeigedom har Giske kommunestyre har vedteke å skrive ut skatten etter formuesmodellen. Formuesverdien vert henta frå skatteetaten sine register. Bustadeigedomar som skattekontoret manglar opplysningar om, og all anna eigedom skal takserast i medhald av eigedomsskattelova § 8a-2.

For første skatteår er promillesatsen 2 promille. Promillesatsen skal vedtakast kvart år samband med handsaming av budsjettet. 

 

Publisert 29.01.2014
KOMMUNEVÅPEN farger

Brannfaren er stor grunna langvarig tørke og vedvarande vind.

Difor er det FORBOD MOT BRUK AV OPEN ELD UTANDØRS I GISKE KOMMUNE.

 

Publisert 20.12.2013
KOMMUNEVÅPEN farger

Det er tid for ny registrering av søknad om produksjonstilskot i landbruket. Du søkjer digitalt, via Altinn, som før. Eit tips er å gå til Altinn om Statens landbruksforvaltning. Då vil det vere ein enklare veg til rett skjema!

Telledato er 01.01.2014, medan søknadsfristen er 20.01.2014. Sjå gjerne «Statens landbruksforvaltning.no» for informasjon og rettleiing.

Ta elles kontakt med underteikna.

Ei god jul og eit godt nytt år til alle frå oss på landbrukskontoret!

 

Kårstein Haram

Rådgjevar/fagansvarleg landbruk

70207532/99311234

 

Publisert 29.06.2012
Valderøya sentrum

Formannskapet vedtok 25. juni 2012 i F-sak 099/12, at namnet på kommunesenteret vårt skal vere Valderhaug

Abonner på nyheiter

Kva skjer

Galleri

Fotograf: hewa
Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøya Tlf. 70 18 80 00 - Fax: 70 18 80 01 - post@giske.kommune.no
padlock