Intensjonsavtalen for regionkommune Ålesund er signert av 10 kommunar. Før avtalen vert lagt frem for kommunestyret i juni vert det folkemøte, innbyggarhøyring og folkerøysting.

Kommunane Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund har inngått ein intensjonsavtale for å sjå om kommunane er klare for å skape ein felles ny kommune. Vert avtalen godkjent av kommunestyra starter arbeidet med å etablere regionkommunen Ålesund. Ei fellesnemnd med representantar frå alle kommunane skal stå for arbeidet.


Intensjonsavtalen vert lagt frem til behandling i kvar av kommunane i juni. Avtalen inneheld dei overordna måla og strategiane for regionkommunen  Ålesund. Gjennom arbeidet med kommunereforma har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bed alle kommunar greie ut korleis dei vil løyse spørsmål knytt til demokrati, tenester, økonomi og samfunnsutvikling. I intensjonsavtalen finn ein regionkommunen sine løysingar.

Ansvarleg Marit Elisabeth Larssen. Sist endra 21.03.2017

DEMOKRATI

Regionkommunen vert geografiske delt inn i kommunedelar som i utgangspunktet tilsvarer dei eksisterande  kommunegrensene. Unnatak frå dette er  Ålesund som kan verte delt inn i fleire delar.
Den politiske organiseringa i kommunen skal sikre både heilskapleg, overordna planlegging og  lokal medverknad på kommunedelnivå. Den nye kommunen  vert organisert etter formannskapsmodellen. Det betyr at kommunestyret vert det høgste folkevalde organet. Til å ivareta og sikre lokal medverknad vert det vald kommunedelsutval.
Utvala skal ha vedtaksmynde og budsjettansvar for definerte område som gjeld det geografiske området dei har ansvaret.  Utvala  kan sjølve ta initiativ til saker og skal vere rådgivande for overordna politiske organ. Kommunedelsutvala  kan etablere ulike ordningar  for dialog med innbyggarane.

SAMFUNNSUTVIKLING

By-  og tettstadsutvikling skal skje gjennom  samarbeid med andre samfunnsaktørar og bygge opp under næringsutvikling, verdiskaping og innovasjon.
Regionkommunen Ålesund skal sikre ei samordna planlegging for utvikling av alle kommunedelane.  Målet er at regionen skal verte ein attraktiv stad å leve for dagens og framtidas innbygarar.. 


TJENESTETILBOD

Rådhuset vert lagt  til Ålesund. Her vil ein finne ordførar,, rådmann og funksjonar  knytt til rådmannen  overordna leiing og politisk styring.
Barnehage, SFO, skule, kulturskule, pleie- og omsorg, legesenter, bibliotek, servicetorg og andre basistenester skal i hovudsak vere plasserte som i dag.
Overordna leiing av fagmiljø vert samla og lokalisert til eksisterande rådhus i dagens kommunar. Dette inneber at alle kommunedelsentra får viktige kompetansearbeidsplasser og eit ansvar som dei forvalter for heile kommunen.

ØKONOMI

Det er eit mål at økonomien i regionkommune Ålesund skal vere i balanse.
Kommunane  skal frå hausten 2016 leggje til rette for felles økonomiplanprosess med for å stø opp under prosessen med etablering av den nye kommunen frå 2020. Investeringsprosjekt som er innarbeiddt i dei tidlegere kommunane sine økonomiplanar  skal prioriterast i regionkommunen Ålesund sin budsjett- og økonomiplaner. Prinsippet som vert lagt til grunn er at alle kommuneane kjem  inn i den nye kommunen som dei er, og legg i potten det de har.

Sjå under artiklar om kommunereforma.

Kommunereforma
Publisert 15.04.2016
Makkevika.JPG

19.  mai skal det  vere folkerøysting i høve kommunereforma.  Det vil også vere mogeleg å røyste på førehand. 

Førehandsrøystinga kan gjerast på Giske rådhus frå tysdag 19. april til og med 13. mai.  På servicekontoret måndag – fredag frå kl 08.30 til kl 15.30, og på biblioteket måndag og torsdag frå kl 15.30 til kl 19.00.  Alle som er manntalsførde i Giske kommune og som fyller minst 16 år i 2016 kan røyste.  Hugs å ta med legitimasjon.  Manntalet er utlagt i Giske rådhus fram til 19. mai.

Den som bur i eller har opphald ved ein helse- og sosialinstitusjon (t.d. omsorgssenter/bukollektiv), får høve til å førehandsrøyste der.  Tidspunkt vert kunngjort på staden og på www.giske.kommune.no.


Røystesetelen som vert nytta ved folkerøystinga har denne teksten:

Det ligg føre to alternativ for Giske kommune:
1) Å halde fram som eiga kommune.
2) Å vere med på å etablere regionkommunen Ålesund.

Gjennom di stemme er du med på å giråd til politikarane om kva alternativ dei skal velje 16. juni 2016.  Er du usikker, kan du krysse ”veit ikkje”.

  • Giske held fram som eiga kommune
  • Giske som ein del av regionkommunen Ålesund
  • Veit ikkje
Publisert 21.03.2016
koordinering.jpg

Formannskapet inviterer til folkemøte om kommunereforma tirsdag 16.2.16 på Valderøy barneskule. 

Publisert 27.01.2016
Giskebrua mot Skjongholmen

Arbeidet med å greie ut etablering ein ny stor kommune på Sunnmøre går for fullt. Innan midten av februar vil dei 13 kommunane som i august 2015 signerte avtalen om å vurdere storkommunen, ha avgjort om dei går vidare med dette alternativet eller ikkje.

3 av kommunane har meld at dei ikkje vert med på forhandlingar om ein intensjonsavtale. Dei øvrige 10 skal bestemme seg innan midten av februar.

Publisert 26.11.2015
GK-våpen-rgb.jpg

Ny innbyggarundersøking som fortel kva dei intervjua innbyggarane frå Giske kommune meiner om kommunesamanslåing vart publisert i dag. Undesøkinga er gjennomført i regi av Sunnmøre regionråd. Den vart presentert for kommunane på Sunnmøre på konferanse om kommunereforma. Konferanse var for formannskapa, og Giske kommune er representert på konferansen.

Publisert 08.09.2015
Fyrlykter

Svaret på spørsmålet om kva veg Giske skal velge ligg framleis foran oss. Utgreiingsarbeidet om dei to alternative for Giske kommune:

- Giske som eigen kommune også etter 2020

- Giske med i regionkommunen Sunnmøre

munna ut i ein rapport og eit utfordringsnotat som det nye kommunestyret vil få overlevert.

Publisert 24.07.2015
Giskebrua mot Skjongholmen

Våren 2014 kom Stortinget med si oppmoding til kommunane om å delta i arbeidet med å vurdere kommunestrukturen. Dei fleste kommunane i Norge starta opp sitt lokale arbeid i løpet av hausten same året med sikte på å avslutte den lokale prosessen våren 2016.

 

Publisert 22.07.2015
Giskebrua inn i tåkehavet.jpg

Det er sommarferie, og utgreiingsabeidet i samband med kommunereforma er inne i ein roleg fase.Det kan derfor høve med eit tilbakeblikk på kva som er gjort til no og kva som skal skje framover.

Publisert 05.06.2015
koordinering.jpg

Giske kommunestyre har vedtatt at det skal utgreiast to alternativ løysingar i samband med det reformarbeidet som Stortinget har oppmoda kommunane om å gjennomføre:

 - Vidareføre Giske som eigen kommune etter 2020

 - Etablering av regionkommunen Sunnmøre frå 2020

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering