Kunngjeringar
Publisert 24.11.2017

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 og vedtak i Komité for miljø og
tekniske saker 02.11.2017, sak 055/17, vert De med dette varsla om at det er sett i gong
planarbeid for eit område ved Stor-Pe-teigen og Knutivegen på Giske. Området er regulert frå før.

Publisert 17.11.2017

Giske formannskap har i møte 13.11.17 etter innspel frå namnenemnda, kome med framlegg om å namne veg i regulert bustadfelt syd for Jusspivegen til Jusspimarka. Forslaget blir no lagt ut slik at lokale organisasjonar med særleg interesse av eller tilknyting til namnet og grunneigarar frå dei gamle gardsbruka kan kome med innspel. Frist for innspel er sett til 23.01.18.

Innspel kan sendast pr post til Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya eller e-post: post@giske.kommune.no Vennlegst merk post "12/1621 nytt vegnamn - Valderhaugsstrand".

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering