Skip Navigation LinksGiske kommune

Giske folkebibliotek

Biblioteklogo

ligg i rådhuset på Valderøya og er ei offentleg teneste som formidlar informasjon og kultur i samsvar med Lov om folkebibliotek. Tenesta er lagd til rette for at flest mogleg kan få utbytte av tenesta på tvers av alder, kjønn og sosial tilhørsel. Gjennom eit aktuelt utval av alle typar bøker, tilgong til studielitteratur, eit stort utval filmar, tidsskrift, språkkurs (også norsk) og framandspråklege bøker, vil ein finne oppleving og næring for hjarta og hjernen. Tenestene er gratis.
 

  • Søk i biblioteket si boksamling:  Her finn du liste over dei nyaste bøkene i biblioteket og du kan søkje opp den boka du er interessert i.
  • Spør biblioteket: finn du ikkje svar på spørsmåla dine, kan du bruke "biblioteksvar" i venstre marg. Du kan velje om du vil "chatte", bruke e-post eller SMS med bibliotekvakta som hjelper med det meste.
  • Mi side / meg og mitt: Der er også ei side som heiter "Meg og mitt". Der kan alle som har fått lånekort med strekkode registrere seg og få ein kode slik at dei kan sjå kva dei har på lån, fornye låna sine, leggje interessante søk i ei hugseliste, og sende spørsmål til biblioteket. Er det vanskeleg å finne ut av det, kan du kome på besøk og få ei innføring.
  • Facebook: Du finn oss på Facebook under søkjenamnet "Giske folkebibliotek".
     

VIL DU HA BIBLIOTEKET PÅ HEIMEBESØK?

Folkebiblioteket har oppsøkjande tenester til folk som har vanskar med å kome seg til biblioteket sjølve. Vi har også lydbøker. Besøk ein gong i månaden.

Er du interessert eller kjenner du nokon som kan ha nytte av ein slik teneste?
Ring oss på telefon 70 18 80 90.

ALLE BIBLIOTEKTENESTER ER GRATIS!

Opningstider i Giske folkebibliotek
Opningstider i Giske folkebibliotek
VekedagKlokkeslett
Måndag13.00 - 19.00
Tysdag10.30 - 15.30
Onsdag10.30 - 15.30
Torsdag13.00 - 19.00
Fredag10.30 - 15.30
I juli er det innskrenkaopningstid.
Publisert av Frode Elias Synnes. Ansvarleg Trine Naadland. Sist endra 01.07.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
  • Søk
Giske kommune,Valderhaug 4, 6050 Valderøya Tlf. 70 18 80 00 - Fax: 70 18 80 01 - post@giske.kommune.no
padlock