Leige av sal og møterom til private arrangement

På Giske rådhus kan du leige lokale til private selskap, til dømes konfirmasjon, dåp, møteverksemd osb.

Pris for leige vert regulert i kommunens gebyr- og betalingssatsar kvart år.

Følgjande prisar gjeld for 2023:

Pris for leige av sal
Sal/Møterom Pris
Kommunestyresal 3200,-
Matsal 800,-
Kjøkken 1610,-
Møterom 3 aust 534,-
Møterom 3 vest 534,-
Møterom 1 515,-
Tillegg for helg 50%
Jubileum 80, 90 og 100 år Gratis
Lag og organisasjonar som andre

Kommunestyresal og matsal:

Ved normalt bordoppsett vil det vere kapasitet til omlag 75 menneske i kommunestyresalen. Er det behov for betre plass og større avstand kan ein leige matsalen i tillegg då ein kan opne opp romdelaren inn til kommunestyresalen. Dette tilrår vi ved til dømes matservering på buffét.

Matsalen åleine har ein kapasitet på ca 30stk.

Møterom 1, 3 aust og 3 vest

Desse møteroma har kapasitet til om lag 10 personar rundt langbord. I kvart møterom er der moglegheit for oppkopling til digitalt møte på skjerm.

Møterom 3 aust og vest kan slåast saman.

Kapasiteten i møterom og sal er med atterhald om spesielle tilhøve som til dømes smittevernomsyn.

Det er høve til å henge opp flagg på førespurnad. Selskapet må sjølv syte for opphenging og nedtaking.

 

Ønsker du å reservere til ei anledning, ta kontakt med Ingvild Nautvik på epost ingvild.nautvik@giske.kommune.no .