Barnehageopptak 22-23

Årets hovudopptak til ledige plassar i barnehagane er vel gjennomført. Dei første tilboda om barnehageplass blei sendt ut 11. mars, og alle barn som søkte vil få eit tilbod om plass. Nokre få har ikkje fått i den barnehagen dei ønska, men Giske kommune har nok barnehageplassar til alle. Vi ynskjer barnehageårets nye barn velkomen som barnehagebarn i Giske kommune til hausten.

Har du ikkje fått søkt barnehageplass registrerast nye søknadar fortløpande. Søk gjennom Giske kommune sin oppvekstportal.