Serveringsløyve

Når treng du serveringsløyve?

Om du planlegg å starte ein stad kor det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve.

Mobile vogner og foodtrucks

Dersom du vil drive isbar, foodtruck eller servering av mat frå mobil vogn, må du i tillegg til serveringsbevilling og etablerarprøva ha leigekontrakt, eller skriftleg stadfesting frå grunneigar på at vogna/trucken kan stå på den aktuelle staden. Legg ved skisse som syner oppstillingsplassen.  

Firmaet ditt må også registrerast hos Mattilsynet. Kvittering på at du har sendt melding legg du ved søknaden om serveringsløyve.

Korleis få serveringsløyve

Dagleg leiar av staden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet blir gitt til selskapet som eig staden.

Korleis søkje?

Elektronisk søkeskjema


Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Vedlegg til søknad: 

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Teikning av lokalet inne og ute
  • Leigekontrakt
  • Dokumentasjon på dagleg leiar si tilsetting 
  • Kopi av melding til Mattilsynet

Kor lang tid tar det?

Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysningar og dokument. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Behandlingstida kan bli lengre om høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Kva kostar det?

Det er gratis å søkje om serveringsløyve.