Opprydding i gamle vassrør i området Molnes Roald på Vigra

Giske kommune er snart ferdig med ei større oppgradering knytt til vassnettet på Molnes og Roald.

Når dei siste arbeida opp Hauvegen er ferdig, så kan kommuna stenge ned nokre gamle og dårlege støpejerns leidningar frå 1955 som er årsaka til mye misfarga vatn på Molnes og Roald.

 

Giske kommune la tilbake i 1989 nye vass- og avløpsleidningar i gangvegen frå Gjøsundet ut til Rota på Roald. Alle eigedomane langs gangvegen på Roald blei i si tid oppmoda om å kople seg på dei nye anlegga for å betre vasskvaliteten og for å få meir kontroll på avløpsvatn i området.

Den siste tida har kommuna lagt fleire nye leidningar utover mot Molnes, Øvregatå og opp Storebakken for å sikre betre vatn i området og kommuna vil om kort tid vil stenge ned ei gammal støpejerns leidning på Roald. Arbeidet i dette området har pågått i lang tid- og ledningane det er snakk om blei dårlegare og dårlegare og var snart ikkje eigna til drikkevatn

I løpet av åra har mange langs postvegen fulgt oppmodninga frå 1998 og knytt seg på dei nye leidninga  i Postvegen, men det synar seg at det fortsatt er fleire som er tilknytt gamle leidninga og på nokre eigedomar er det desverre ikkje registrert kvar vass- og avløpleidningane er tilknytt .

For å forsøke å få med alle eigedomane så har VA kontoret i Giske kommune sendt ut et "varsel om pålegg" til alle langs dei nye leidningane på Roald og på den måten får kommuna inn raske og sikre svar, slik at alle rekk å få kopla seg til den nye leidningane før kommunen stenger leidninga for godt om kort tid.

Helsing VA kontoret i Giske kommune