Vil ditt firma delta på Sjekk-Inn 2017?

sjekkinn 2017.jpg - Klikk for stort bilete

Sjekk-Inn vert arrangert 28. desember på Campus Ålesund i kantina på NMK-bygget i Nørvasund. Her vert det stands, bedriftspresentasjonar, mingling og servering.

 

Publisert av Henrik Wang. Sist endra 25.10.2017

Sjekk-Inn er ei jobbmesse for studentar og unge vaksne, både dei som er busett her og dei som er heime på juleferie. Målet er å knytte arbeids- og næringsliv til moglege arbeidsakarar for å sikre framtidig kompetanse og arbeidskraft i regionen.

I fjor var første Sjekk-Inn med 23 utstillarar og om lag 300 deltakarar. Tilbakemeldingane viser at dette virka både som rekrutteringsarena og for nettverksbygging: Sjå stemningsfilmen frå 2016 på YouTube .

Praktisk info

  • Tid:  28. desember fra kl. 17.00 til 20.00.
  • Stad: Campus Ålesund, Norsk Maritimt Kompetansesenter, kantina.
  • Stands: Utstillarane får standplass på ca. 2 meter. Rigging av stands frå kl. 15.00.
  • Kostnad:  Kr 5.000 pr standplass.
  • Meld deg på her
  • Påmeldingsfrist:  30. november. NB! Tal på standplassar er begrensa!
  • Kontaktperson: Elisabeth Siem, 70 16 20 18 / 916 46 826, elisabeth.siem@alesund.kommune.no 

Som utstillar vil bedrifta bli marknadsført som deltakarar på Sjekk inn gjennom nettsider, arrangement på facebook, i deltakarbrosjyre og pressemeldingar.

Kven står bak?


Sjekk inn er eit samarbeid mellom Sunnmørsposten, NTNU i Ålesund, Studentparlamentet, Næringslivsutvalget ved NTNU i Ålesund, Ålesund Sentrumsforening, Haram nærings- og innovasjonsforum, Sykkylven Næringsutvikling AS, Næringsforeningen Ålesundregionen, Giske næringslag, Skodje næringsforening, Bypatrioten og kommunane i Region Ålesund.

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering