Verdshistorie i Giske - Barnas og Ungdommens KommuneStyre i Giske konstituert

Bli kjent aktivitet I.jpg - Klikk for stort bilete I dag skapte 29 barn og unge historie ved å konstituere historia sitt første Barnas og Ungdommens KommuneStyre i Giske (BUKS Giske). Linnea Nyvoll frå 10. klasse ved Godøy skule vart vald som leiar med August Hagen Fagerheim frå 10c på Valderøy ungdomsskule som nestleiar. Vi gratulerer med verva og ønskjer BUKS lykke til vidare!

Publisert av Synnes Frode. Sist endra 01.11.2017

Både faste medlemmar og vara deltok og fekk lære meir om ungdomsengasjement gjennom Urté Karanauskaité frå Ungdomspanelet på fylket og —Lovise Almklov, UNG-koordinator i Møre og Romsdal fylkeskommune. Teaterlærar Ingebord Dyb Waagan i kulturskulen engasjerte deltakarane i ulike bli-kjent leikar på starten.

Ordførar Harry Valderhaug orienterte om det politiske Giske og fartalte om kvifor han valde å engasjere seg i politikken. Assisterande rådmann Sindre Røsvik fortalte om den tenesteytande delen av kommunen med ulike einingar, skular, institusjonar og avdelingar. Folkehelsekoordinator Torill både snakka om UngData-undersøkinga og fekk med seg folk inn i arbeidsgrupper for å følgje opp undersøkinga framover. Vi snakka også om at det med tunellutbetringar og endra reise- og trafikkmønster i tida framover, blir viktig at ein får tilbakemelding på det som ikkje fungerer slik at vi kan ta dette opp vidare med fylket og vegvesenet.

Rådmannen sin kontaktperson for BUKS, kultursjef Frode Synnes, leia det heile. Vi gleder oss til arbeidet vidare! Dette blir interessant, kjekt, lærerikt og nyttig!

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering