Vassleidningsbrot på Vigra

Det har skjedd eit vassleidningsbrot på Vigra.

Det er avdekt eit leidningsbrot i området Hamnevegen. Vi antek at brotet har blitt reparert innen 14.00, dersom man ikkje får uventa problem under utbetringa. Etter arbeidet er ferdig blir vatnet satt på utan nærare varsel. Etter arbeid kan vatnet vere misfarga og vi anbefalar at det tappast kaldt vann så nært inntaket som mogleg, til vatnet er klart. 

Vi har også fått melding om ureint vatn/mangel på vatn på Molnes, dette undersøkar vi framleis.

Det er avdekt eit leidningsbrot i området Rørvika. Dette er no under utbetring.