Vårrydding 2019

I forkant av 17. mai blir det gjennomført to store ryddeaksjoner i Giske kommune i veke 18. Datoane vert 29. april til 03. mai, og alle kan vera med!

Landrydding

Grøfter og friluftsareal må sjå fint ut til 17. mai ! Giske kommune oppfordrar alle som vil til å plukka rusk langs vegar og i friareala. Rusket skal pakkast i vanlege svarte søppelsekker og setjast saman med søppeldunkane. Sekkane vert henta av Årim når vanleg resteavfallet vert henta i veke 18  (29 april til 02 mai), utan kostnad for hustanden. Merk! Større gjenstandar som ikkje er pakka i ein søppelsekk blir ikkje henta. Dei skal leverast til miljøstasjonen på Gjøsundet ved bruk av eget avtalekort.

Strandrydding

6. og 7. klassinger og ungdomsskular samarbeider med Plastfritt Hav på strandrydding i ulike strender. Etter ei veke med dugnad, blir det folkefest med årets Strandryddefestival arrangert av Plasfritt Hav. Det blir mat og ulike aktivitetar 03. mai frå kl 1500 på Øydegardhamna på Giske. Sjå www.holdnorgerent.no , og ta kontakt med Plastfritt Hav for å avtale henting av havavfall, og for å få meir informasjon om strandrydding.