Vaksine denne veka

Dei første dosane med vaksine mot Covid-19 er no på plass i Giske kommune.

Klikk for stort bilete 

Denne første veka vil rundt 25 eldre få første dose. Dei som er prioritert er eldre over 85 år på institusjon eller bukollektiv.

Dei kommande vekene vil det komme nye forsyningar kvar veke.

Ingen treng å ta kontakt med helseteneste for å melde seg i samband med vaksinasjonen. Alle vert kontakta frå legekontoret når dei står for tur. I denne startfasen er tilgangen på vaksine svært avgrensa og ein må rekne med det vil ta tid før alle kan få vaksine.