Utvida barnehageopning

Klikk for stort bilete  Frå mandag 18. mai vert opningstidene i barnehagane i kommunen auka til sju timar kvar dag. Denne utvidinga håper vi vil gjere kvardagen betre for våre brukarar.

Grunnen til at vi framleis ikkje kan komme heilt tilbake til normal åpningstid er at ein framleis må handheve strenge smittevernregler. Erfaringane så langt er at dei fleste taklar den nye situasjonen bra, men vi har stor forståing for at dei avgrensa opningstidene kan føre til utfordringar framover og.