Ungdomsskulane på raudt nivå

Frå i dag, 4. januar, er dei to ungdomskulane i Giske på raudt nivå, i tråd med nasjonale føringar. For våre skular betyr det at kvardagen både for elever og tilsette vert endra.

Klikk for stort bilete Børge Sandnes  

Raudt nivå inneber at ingen sjuke skal møte på skulen, elevane vert delte inn i mindre grupper, har faste klasserom og held 1 meters avstand. Elevane vert delt inn slik at ikkje alle er på skulen samtidig, men og slik at alle får vere på skulen kvar veke. Det vil med andre ord verte delvis heimeundervisning, med digital undervisning og oppgåver elevane kan arbeide med på eiga hand. Nærare info kjem frå den enkelte skule.

Skuleskyssen går, men med færre elevar på skulen kvar dag vil ein kunne gjennomføre transporten på smittevernrett måte. Ein vert oppfordra til å vurdere andre alternativ der dette er mogleg.

Barneskulane og barnehagane er framleis på gult nivå. Det betyr at ein held fram med smittevern og kohortar som før jul.