Trimgruppe med balansetrening

I haust startar kommunen opp med balansetrening for deg som bur heime, og ynskjer å vere meir sosial og aktiv saman med andre. Målet med gruppetreninga er at du skal kjenne at kroppen vert sterkare, at du får betre balanse og at du skal føle deg tryggare i daglege gjeremål.

 

Du som ynskjer å delta må:


- Vere motivert til å trene
- Kunne ta instruksjonar og svare på spørjeskjema
- Kunne gå ca 20 meter utan hjelpemiddel 
- Kunne delta tilnærma heile perioda.

Dersom du har problem med kome deg til og frå trening kan vi bestille drosje til deg som går på trygdeordninga, men du må betale ein egenandel.

Om tilbodet

Gruppetilbodet vil gå føre seg over ei periode på 3,5 mnd, med oppstart 03.09.2018. Vi møtast på Giske omsorgssenter tirsdagar frå kl. 13.00 – 14.00.

I løpet av perioda vil de også få informasjon om enkle tiltak som kan gjerast i heimen for å forebygge fall. Treningsøktene vert leia av fysio- og ergoterapeut og vil bestå av styrke- og balansetrening. Øvingane vi skal gjere kan tilpassast ulike nivå, og har som mål at den enkelte skal bli sterkare og stødigare i kvardagen. Etter at økta er ferdig vert det rom for ein kopp kaffi saman med dei andre deltakarane.

Pris for deltaking i 3,5 mnd: 900kr.

For påmelding:

Ta kontakt med Ergo- og fysioterapitenesta i Giske kommune v/Gunnhild Vindvik Nordstrand.

Tlf.: 93422779
Mail: guvn@giske.kommune.no

 

Sjå meir: