To nye positive prøver

To nye personer i Giske har fått påvist Covid-19.  Begge dei to er frå samme husstand som den som fekk påvist viruset før helga.

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete 

Kommuneoverlege i Giske,  Anne-Line Sommerdalen, går ut frå at smitten har gått mellom husstandmedlemmane, og slik sett er det kjent smitteveg.

I tillegg til dei tre med påvist Korona-smitte som er i isolasjon, er fire som har vore i nærkontakt med desse i karantene. Desse er testa.

  • Desse nye smittetilfella er ei viktig påminning til oss alle om kor viktig det er å fylgje dei smittevernråda som er gitt. Vask hender, hald avstand og la deg teste om du har symtom, seier Sommerdalen.
  • Vi  føler at vi har bra kontroll over situasjonen, men er heilt avhengige av at alle tek smittevernet på alvor og har lav terskel for å halde seg heime dersom ein kjenner symptom.