To familiar i karantene

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Smitte av covid-19 ved Fagerlia vidaregåande der ein elev har testa positivt på Covid-10 får og konsekvensar for personer i Giske kommune. Personer frå to familiar, med born på fleire skular i kommunen,  er  definert som nærkontaktar av den smitta og er sett i karantene. Alle desse er testa.

- Det er ikkje grunn til å gjennomføre omfattande tiltak, slik situasjonen no er, seier kommuneoverlege Anne-Line Sommerdalen.

- Vi ber likevel om at alle er ekstra på vakt dersom det skulle oppstå symptom hos barn og unge. Terskelen for å teste seg bør vere lav.

Dei som skal i karantene ved positive Covid-19 prøver er nærkontaktar til ein som er smitta.

Ein vert rekna som «nærkontakt» dersom …  

  • Ein har  hatt kontakt med ein person som er stadfesta smitta med covid-19 mindre enn 48 timer før den smitta fekk dei første symptoma og kontakta har vore
  • under to meters avstand i meir enn 15 minuttar ELLER 
  • i direkte fysisk kontakt 

Dei mest utsette nærkontaktane er “husstandsmedlemmer og tilsvarande nære".   Det vil vanlegvis seie dei som:  

  • Bur i same husstand.
  • Har hatt tilsvarande omfattande eller fysisk nærkontakt som i ein husstand (eksempel kan vere kjæraste eller næraste kollegaer i kontorfellesskap).
  • Vi veit at ein del kjenner seg litt utrygge på desse definisjonane, men ved alle smittetilfelle har vi smittesporarar som driv aktivt arbeid og kontaktar alle som bør i karantene, seier Sommerdalen.
  • Det å ha vore nærkontakt med ei nærkontakt utløyser ikkje noko karantenekrav. Men på generelt grunnlag er det viktig at alle følgjer smittevernreglane og testar seg dersom ein får symptom som kan vere knytt til Covid-19.