Tid for tur

Klikk for stort bilete Ta helgaturen. I desse korona-tider er det viktig å komme seg i aktivitet. Med dei avgrensingane ein no har for samlinger av folk er det viktig at ein bruker kreativitet både med turmål og aktiviteter - og finn rett parkering om du må bruke bil.

Sist helg var det for store konsentrasjoner av folk nokre stadar i kommuna. Spesielt gjorde dette at det vart parkert på områder som slett ikkje er tiltenkt dette. Dette MÅ vi unngå denne helga. Under er difor nokre kart over øyane i Giske med avmerka parkeringsplassar.

Start turen heimafrå, er rådet våre helsestyresmakter gir. Følg det. Og kanskje er tida inne for å ta sykkelen i bruk. Og ein skikkeleg vårpuss av sykkelen er ein svært god familieaktivitet. Kanskje det trengs.