Tennfjord ny kommunedirektør

Dag Olav Tennfjord vart tirsdag tilsett som ny kommunedirektør i Giske.

 

Tennfjord har dei siste seks åra vore heiltidspolitikar. Frå 2015 til 2019 var han ordførar i Skodje og er no gruppeleiar for Høgre i Ålesund kommune.

Dag Olav Tennfjord er 58 år og utdanna siviløkonom frå NHH i Bergen. Før han tok fatt på si politiske karriere har han hatt leiande jobbar innen økonomi i lokale bedrifter i 21 år.

  • Vi i Giske kommune er svært glade for å ha fått på plass ny kommunedirektør så raskt. Og ikkje minst er vi glade for at vi fekk ja frå ein så kvalifisert kandidat, seier ordførar i Giske, Harry Valderhaug.
  • Vi veit det er utfordringar som ventar på mange områder. Ikkje minst blir arbeidet med budsjettet for 2022 utfordrande. Vi er glade for at vi no har fått på plass ein ny toppleder som kan ta fatt på det arbeidet.