Synfaring Stor-Pe-teigen

Klikk for stort bileteGiske kommune ønsker grunneigarar, naboar og andre interesserte velkomen til felles synfaring av planområdet «Stor-Pe-teigen» (saksnr. 17/1391) på Giske den
30. Oktober klokka 17.00.
Oppmøte ved akebakken/leikeareal (Mariabakken).

Området er planlagt regulert til leikeplass, gang- og sykkelveg, frittliggande småhusbusetnad og konsentrert busetnad. Ein tursti i området skal i same anledning leggast om. Ettersom det er store areal som skal settast av til leik, er det ønskeleg å høyre barna sine ønsker og meiningar.
På synfaringa vil vi gjennomgå og diskutere ulike planforslag for området.