Stortingsvalet 2017 - tidlegrøysting og manntal

Stortingsvalet 2017 - Klikk for stort bilete Frå måndag 3. juli har du høve til å røyste ved servicekontoret i Giske rådhus. Røystetida er frå kl 08.30 til kl 15.30 alle kvardagar.

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret i Giske rådhus i løpet av veke 27.

Publisert av Karin Vea Sæther. Sist endra 30.06.2017

Den ordinære førehandsrøystinga startar 10. august, og vil gå føre seg på Giske rådhus.  Kunngjering om dette vert gjort seinare.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Manntalet er produsert pr. 30. juni 2017, og du er innført i manntalet i den kommunen du er folkeregisterført pr. den datoen.  Du kan kontrollere om du er innført i manntalet ved å kontakte kommunen, enten pr. telefon, e-post eller oppmøte på servicekontoret. Har du flytta rundt dette tidspunktet, er det spesielt viktig å sjekke manntalet.

 

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering