Stortings- og sametingsvalet 2017 - førehandsrøysting

 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga og varer til og med fredag 8. september.  I Giske kommune kan du røyste her:

Giske rådhus, servicekontoret:  Måndag - fredag kl. 08.30 - kl 15.30, og på biblioteket til kl 19.00 måndagar og torsdagar.

 

Publisert av Karin Vea Sæther. Sist endra 07.08.2017

Du kan førehandsrøyste i den kommunen som passar deg best, uavhengig av kvar du er manntalsførd.  Husk å ta med valkort og gyldig legitimasjon.

Kommunen vil også ta imot førehandsrøyster på helse- og sosialinstitusjonar.  Her i Giske blir det på Giske omsorgssenter, Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv.  Dei som bur i omsorgsbustader  kan også røyste på omsorgssentra.

Viss du på grunn av sjukdom eller andre grunnar ikkje kan kome til røystelokalet, kan du søkje om å få røyste heime.  Frist for å søkje om dette er 6. september.  Du kan sende e-post (post@giske.kommune.no), brev eller ringe 70 18 80 00.

 

 

Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering