Stor snøskredfare i Møre og Romsdal

NVE varsler om stor snøskredfare med faregrad 4 på Sunnmøre måndag og tysdag.

Klikk for stort bileteIllustrasjon henta frå varsom.no. 

Kraftig vind og snøbyer vil føre til stor vindtransport av snø inn i leheng. Skred kan bli utløyst både naturleg og av skiløpar. Unngå terreng brattare enn 30 grader og utlaupssoner for skred.

Følg med på skredvarsling på www.varsom.no.