Stor skredfare i fylket

Vinterferien står for døra og mange har kanskje tenkt seg ut på ski i fylket vårt dei komande dagane. Det er svært viktig å være merksam på snøskredfaren.

Klikk for stort bileteIllustrasjon henta frå varsom.no. 

Varsom.no melder om faregrad 3 betydeleg torsdag og fredag, og skriv på sine nettsider at det er krevjande forhold i fjellet. Det er derfor viktig å halde god avstand til alle løsne- og utløpsområde for snøskred.

Unngå terreng brattare enn tretti grader. Vinden har ført til mange fokksnøflak over eit vedvarande svakt lag av kantkorna snø som er svært lett å løyse ut. Stigande temperatur bidrar også til å destabilisere snødekket.

Følg med på snøskredvarsling på www.varsom.no