Status Giske kommune torsdag 23. april

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete Den generelle smittesituasjonen i Giske kommune verkar å vere stabil. Ingen nye er meldt inn med positive prøver. Det er og færre som må haldast i isolasjon. På landsplan ser  ein klar nedgang på sjukehusinnlegging. Dette er ein trend vi ser og i Møre og Romsdal.

Likevel. Det er alle grunn til å framleis halde på dei tilrådde tiltaka. Vask hendene, hald avstand og avgrens den sosiale kontakta.

Dette er grunnleggande for at samfunnsfunksjonane skal normaliserast, langsomt og bit for bit.

Barnehagene

Frå tirsdag har det vore drift i barnehagane i Giske. Stort sett har oppstarten gått bra, men ein ser at det er nokre ting som må presiserast.

For å halde krava til reinhald på leikeapparat og utstyr rundt barnehagane er det heilt nødvendig at desse områda ikkje vert brukt av andre utanom barnehaganes åpningstider. Barnehagane har klare krav til seg om høgt nivå av smittevern. Eit av krava er reinhald av leikeområda. Difor vil desse områda no berre kunne brukast av barnehagane sjølve – og i åpningstidene.

Kor og korps

Frå i dag er det igjen lov å drive organisert øving for kor og korps. Her er nokre avgrensingar som må fylgjast. Det maksimale talen på deltakarar på øvingane er sett til 30 personer. Set er og gjort det klart at ein under øvingane skal halde seg til kravet om to meters avstand mellom deltakarane.

Det aller viktigste for å kunne halde smittevernet på det nivået det framleis skal vere er at ingen som har symtom på forkjølelse deltek.

Kyrkja åpner for 40

Smittesituasjonen er no slik at kyrkjene i Giske finn å kunne åpne for fleire til å delta i kyrkjelege handlingar, td i gravferder. Frå i dag vert det åpna for at 40 pluss dei tilsette i kyrkja kan vere tilstades i kyrkjene på Vigra og Valderøy og kapellet på Godøya.

For Giske kyrkje gjeld spesielle reglar. Her vert det på grunn av strenge krav til kva ein kan bruke av reinhaldsmiddel framleis gjelde avgrensingane med eit arrangement per veke og maks 20 deltakarar.