Status Giske kommune laurdag 14. mars 2020

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

Slik er situasjonen med omsyn til koronasmitte i Giske kommune laurdag 14. mars kl. 12.00.  

Status bekrefta smittetilfelle i Giske er framleis : 0

Mange er i karantene. Dei fleste på bakgrunn av at dei har vore på reise i utlandet i løpet av dei siste to vekene. Her er det grunn til å minne alle på kor viktig det er at alle som er i ein karantenesituasjon respekterer dette pålegget myndigheitene har gitt. Dette er gjort av omsyn til dei som er ekstra sårbare i ein smittesituasjon. Vi vi på det sterkaste minne kvar enkelt om kor viktig det er å ta karantenebestemmelsen på alvor.

Og for alle gjeld eit viktig råd: Hald kontakt med dine næraste. Still opp for dei som treng hjelp til handling, henting av medisin osv. Bruk telefonen.

Det kviler eit ekstra ansvar på næringslivet til å sjå til at dei tilsette fylgjer dei vedtekne reglane.

Nye reiseråd

Regjeringa gjekk laurdag morgon ut med svært sterke råd til alle når det gjeld reise. INGEN bør reise ut av landet. Det er og sendt ut eit klart råd om at alle som er på reise i utlandet om å komme seg heim snarast råd.

Det er her sett inn tiltak på flyplassen på Vigra for å minne reisande om desse råda.

Vi minner og om at alle som kjem heim frå utlandet skal i karantene i to veker.

Bile av venge på eit fly i lufta. - Klikk for stort bilete

 Unngå store samlingsplassar

Koronaviruset spreier seg gjennom nærkontakt. Difor er det veldig viktig at barn og ungdom som no ikkje er på skulen ikkje samles på kjøpesenter og andre møtestader. Det er veldig viktig at ein unngår at kjøpesentera blir brukt som opphaldstad og treffpunkt for barn og unge.

Gå gjerne turar ute. Er ein fleire saman, hald avstand.

Bilde av rulletrapp. - Klikk for stort bilete

 Hygiene på handletur

Mange har dei siste dagane besøkt kolonialbutikkene. Det er viktig at ein tenker nøye over hygiene i butikken. Handtak på handlekorger, kortterminaler, handtak på kjølerom og liknande er plassar ein bør ta ekstra omsyn til.

Det er viktig at både kunder og næringsdrivande legg tilhøva best mogleg tilrett for at ein kan handle på ein tryggast mogleg måte.

Og det er ingen grunn til å hamstre varer. Norge har eit godt lager av matvarer. Er det utselt i dag, så kjem det sikkert nytt inn over helga.
 

Bilde av hyller med daglegvarer og ei tom handlevogn i front. - Klikk for stort bilete

  Vask hendene i vatn og såpe

 

 




Dette gjeld framleis:

Skule/barnehage

Alle skulane og barnehagane er som kjent stengde og vil verte det også framover. Frå måndag vil ein setje i gang med undervisning på digitale plattformer.

Barn med særskilde omsorgsbehov vil bli spesielt tekne vare på gjennom direkte kontakt med kvar skule/barnehage.

Vi viser til dei retningslinjene som ligg på Giske kommunes heimesider.

Helse

Det er framleis besøksforbod på omsorgssentera og bukollektiva. Dersom det skulle vere heilt spesielle behov så må ein ta kontakt med senteret for direkte avtale. Vi ber om at dette berre vert gjort i alvorlege tilfelle.

Det er og grunn til å minne om at ein må vise varsemd med besøk i heimane, spesielt til dei som høyrer til risikogrupper (eldre og sjuke). Det er viktig å ta vare på kvarandre, men no er det kanskje rettare å bruke telefon og digitale medium der dette er mogleg. Eit slikt tiltak kan vere å hjelpe dei som ikkje sjølve kan reise ut å handle.

Legevaktordninga vil fungere som normalt i helga. Dei generelle retningslinjene for varsemd ved besøk på legekontoret gjeld. Har du smitte av korona eller har luftvegsinfeksjon skal du ikkje inn på kontoret men ha kontakt med lege annan stad etter avtale.

Spørsmål og opplysning om korona, ring 815 55015 eller Helsenorge.no

Jordmortenesten vil halde fram som vanleg, men dei andre funksjonane på helsestasjonen er stengt inntil vidare.

Kommunaldrift

Rådhuset er stengt for besøkande, men dei tilsette er på jobb slik at dei som må ha personleg kontakt kan gjere avtale om dette direkte.

Det same gjeld NAV Giske.
 

Bilde av Giske rådhus ein vinterdag med snø. - Klikk for stort bilete

Situasjonen endrar seg stadig. Kriseleiinga er sjølvsagt heile helga i beredskap. Vi oppmoder alle om å halde seg orientert på nettsida fhi.no

Bruk og nettsidene til avisene og nrk.no