Status Giske kommune fredag 13. mars

Slik er situasjonen med omsyn til koronasmitte i Giske kommune fredag 13. mars kl. 16.00.
 

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete

 

Status smittetilfelle i Giske: 0

Mange er i karantene. Dei fleste på bakgrunn av at dei har vore på reise i utlandet i løpet av dei siste to vekene. Her er det grunn til å minne alle på kor viktig det er at alle som er i ein karantenesituasjon respekterer dette pålegget myndigheitene har gitt. Dette er gjort av omsyn til dei som er ekstra sårbare i ein smittesituasjon.

Det kviler eit ekstra ansvar på næringslivet til å sjå til at dei tilsette fylgjer dei vedtekne reglane.

Skule/barnehage

Alle skulane og barnehagane er som kjent stengde og vil verte det også framover. Frå måndag vil ein setje i gang med undervisning på digitale plattformer.

Barn med særskilde omsorgsbehov vil bli spesielt tekne vare på gjennom direkte kontakt med kvar skule/barnehage.

Vi viser til dei retningslinjene som ligg på Giske kommunes heimesider.

Sjå også informasjon på Utdanningsdirektoratet i denne lenka: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/sikkerhet-og-beredskap/informasjon-om-koronaviruset/

Helse

Det er framleis besøksforbod på omsorgssentera og bukollektiva. Dersom det skulle vere heilt spesielle behov så må ein ta kontakt med senteret for direkte avtale. Vi ber om at dette berre vert gjort i alvorlege tilfelle.

Det er og grunn til å minne om at ein må vise varsemd med besøk i heimane, spesielt til dei som høyrer til risikogrupper (eldre og sjuke). Det er viktig å ta vare på kvarandre, men no er det kanskje rettare å bruke telefon og digitale medium der dette er mogleg. Eit slikt tiltak kan vere å hjelpe dei som ikkje sjølve kan reise ut å handle.

Legevaktordninga vil fungere som normalt i helga. Dei generelle retningslinjene for varsemd ved besøk på legekontoret gjeld. Har du smitte av korona eller har luftvegsinfeksjon skal du ikkje inn på kontoret men ha kontakt med lege annan stad etter avtale.

Spørsmål og opplysning om korona, ring 815 55015 eller Helsenorge.no

Jordmortenesten vil halde fram som vanleg, men dei andre funksjonane på helsestasjonen er stengt inntil vidare.

Kommunaldrift

Rådhuset er stengt for besøkande, men dei tilsette er på jobb slik at dei som må ha personleg kontakt kan gjere avtale om dette direkte.

Det same gjeld NAV Giske.
 

Situasjonen endrar seg stadig. Kriseleiinga er sjølvsagt heile helga i beredskap. Vi oppmoder alle om å halde seg orientert på nettsida www.fhi.no