Status Giske kommune 30. mars kl. 12.00

Klikk for stort bilete Dagens tema:
- Følg med barna
- Legekontoret opna

Følg med barna

Alle har det vanskeleg desse dager. Spesielt komplisert kan det vere for barn. Kvardagen er ikkje som den gjerne skulle vore og ikkje alle dagar er like greie. Her har vi alle ei oppgåve.

La oss gjere det til ein del av den store dugnaden at vi er ekstra oppmerksome på barna, ikkje berre våre eigne men og dei vi har rundt oss. Nokre hyggelege ord, eit smil og litt romsligheit i kvardagen gjer godt.

Mange brukar og mange timer på nettet. Ver ekstra oppmerksame på kven barna snakkar med der, kva sider dei er inne på og kven som kontakter barna. Ver interessert, men ikkje hysterisk.

Er du uroa over noko, kontakt gjerne skulen.

 

Legekontoret åpna

Mandag morgen var Giske Legesenter igjen i full drift. Alle fastlegane vil vere tilgjengelege, men det kjem til å vere nokre endringar i rutinene.

Før du oppsøker legekontoret skal ein gjere ein avtale på telefon 70188500. Då vil kvar enkelt få direkte informasjon korleis konsultasjonen skal foregå. Dette blir gjort for å hindre at mange vert samla på eit venterom. Det er viktig at ein held seg til dette framover for å sikre at korona-smitten skal spreie seg.

Følg med på legekontorets heimeside:

Giskelegesenter.no