Statleg tilskot for å inkludere barn og unge

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om midlar. Målet med ordninga er å motvirke og / eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom.

Søknadsfrist er 13. desember. Eige skjema skal bli brukt. De finn søknadsskjema, regelverk, rettleiar m.m. hos "BUFDIR". Kontaktperson i Giske er Frode Elias Synnes, tlf 70 18 81 14, e-post: frsy(a)giske.kommune.no

Denne tilskotsordninga skal vere eit virkemiddel for å betre mulegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaar som ferie- og fritidsaktvitetar, uavhengig av forelda si inntekt og sosiale situasjon.

Det er BUFDIR  (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) som står bak ordninga.