Spørreundersøking og fotokonkurranse

Giske kommune ønsker medverknad i arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel. Fram til 15. juni 2021 kan du, ved å fylle ut eit spørreskjema/medverknadsskjema, vere med å påverke korleis Giske kommune skal utvikle seg i åra framover. Det er også starta ein fotokonkurranse på instagram, der du får moglegheit til å dele gode bilete som kan nyttast i kommuneplanen.

Klikk for stort bilete 

Engasjer deg i utviklinga av Giske kommune fram mot år 2030!

Bli med å fylle ut medverknadsskjema/spørjeskjema som er lenka til under, og hjelp oss å dele skjemaet vidare til næringsdrivande i kommunen, innbyggarane i kommunen, og andre som vurderer å flytte tilbake til Giske kommune.

Medverknadsskjema finn du ved å trykke her

Det er også starta ein fotokonkurranse på instagram. Merk biletet med #Giske2030. Det er tenkt at bileta med denne emneknaggen kan brukast i kommuneplanen.  

Både ved å delta i fotokonkurransen og å fylle ut spørjeskjema, kan du vere med i trekking av gåvekort. Fotokonkurransen og medverknadsskjema/spørreskjema vil vere ope fram til 15. juni 2021.