Spelemidlar. Årleg søknadsfrist 15. oktober

Idrettsglede (Drammen Idrettsråd) - Klikk for stort bilete

Søknad om spelemidlar inkl. førehandsgodkjente planar må sendast kommunen seinast 15. oktober 2017. NB! Pga omlegging til nytt søknadsystem og opplæring i bruk av dette, blir nytt skjema som MÅ brukast tilgjengeleg først 1. oktober. Vi beklager dei ulempene som dette ev. medfører i år, men ber søkjarane ta omsyn til dette.

Idrettslag, velforeiningar og andre godkjente lag og organisasjonar kan søkje spelemiddel til å bygge / etablere og rehabilitere ordinære anlegg og områder for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, samt for nærmiljøanlegg. Dette kan t.d. vere istandsetjing eller etablering av ein tursti, ein badeplass, ei fotball- / treningsbane, ballbinge, aktivitetsområde i bustadfelt (nærmiljøanlegg) m.m. Retningslinjer er fastsett av Kulturdepartementet.

Giske kommune har laga eit par kortfatta dokumenet som hjelp i arbeidet, sjå filer i menyen til høgre. De finn meir informasjon om ordninga på Kulturdepartementet sine nettsider.

Fylkeskommunen og idrettskretsen i Møre og Romsdal bruker invitere i september til informasjonsmøte om ordninga på kveldstid for frivillige. Ein oppmodar dykk som vurderer å søkje spelemiddel til å delta der då det blir gitt mykje god informasjon og de får høve å stille spørsmål.

Spørsmål om ordninga kan rettast til einingsleiar miljø og kultur, Frode Elias Synnes. Telefon 70 18 81 14, e-post: frsy@giske.kommune.no

Publisert av Synnes Frode. Ansvarleg Frode Elias Synnes. Sist endra 25.07.2017
Fann du det du leita etter? Hvis ikkje, prøv søkefeltet øvst på sida.

Kontaktpersonar

Einingsleiar miljø og kultur
 
 

Giske kommune, Valderhaug 4, 6050 Valderøya| Tlf. 70 18 80 00 - fax. 70 18 80 01|Org.nr. 964980721  | epost: post@giske.kommune.no

 
Login for redigering