Sommar og bruk av verneområda

Sommaren er godt i gang. Det herlege vêret fristrer alle til å koma seg ut og tilbringe dei solfylte dagane i naturen. Giske kommune har mange flotte stadar å besøke, og vi ynskjer å minna publikum om at mange av dei er verneområde og det er nokre reglar å fylgje:

I verneområda er det verneforskrifta som gjeld foran loven og allemannretten. Vedlagt er eit kart som viser dei ulike verneområda i Giske kommune og tilhøyrande forskrift.

Generelle regler i verneområdet forbyr følgjande aktivitetar:

1. Øydelegging eller skade på planteliv, sopp eller lav, innføring av nytt planteliv, eller aktiviteter som fører til forringing. Forbodet gjeld for planter, sopp og lav på både land og i vatnet.

2. Jakt, skade eller unødig forstyrrelse av dyreliv, øydelegging av reirplassar og hiområder, og introduksjon av nytt dyreliv.

3. Alle form for forureining, forsøpling, og terregningrep

4. Motorfare på land, samt start og landing med luftfartøy.

5. Bruk av sykkel og hest utanom eksisterande vegar.

6. Bruk av verneområder til teltleiar, idrettsarrangement, jaktprøver eller andre større arrangement.

Følgjande områda har ferdselsforbod:

  • Rørvikvatnet naturreservat   1. april til 31. august
  • Storholmen naturreservat     1. mai til 31. juli
  • Langholmen naturreservat   1. mai til 31. juli
  • Erkna naturreservat             1. mai til 31. juli
  • Sætredalen naturreservat    1 mai til 31 juli

 

Sjølv om ferdselsforbod ikkje er etablert i dei attverande verneområdene, vert det forventa at alle brukarar utøver skjønn under hekketid mellom 1. mai og 31. juli, då unødig forstyrring av fuglar er forbode. Hundar skal haldast i band heile året. Generell forbod mot båltenning mellom 15. april og 15. september gjeld. Høsting av bær og sopp, samt bruk av båt er tillat (men begrensa) i enkelte verneområde. Sjå verneforskrifta for meir informasjon.

For mer informasjon, sjå Miljødirektoratets naturbase, og velg kartlaget «Verneområder» på http://kart.naturbase.no/  Du kan også lese om våtmarkssystemer og Ramsarkonvensjonen på http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Internasjonalt/Internationale-avtaler/Vatmark/

Det fins ikkje verneområda etter naturmangfoldlova på Godøya. Det er restriksjonar i både Alnesvatnet og området rundt det, da Alnesvatnet er drikkevasskilde i kommunen. Det er difor forbod mot bading og alle form for forureining i Alnesvatnet og tilhøyrande nedbørsfelt. Det er båndtvang i området heile året.